NRK Meny
Normal

Trailer med gipsplater velta - E16 stengt

Ein trailer fullasta med gipsplater velta onsdag kveld ved Ljøsne i Lærdal. E16 var ein periode heilt stengt.

Trailer velta Lærdal

KRAFTIG SMELL: Men politiet melder at føraren har kome frå det utan skader.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Klokka sju torsdag morgon var vegen heilt opna att. Fram til den tid var eitt felt sperra på grunn av oppryddingsarbeid.

Politiet melde om ulukka klokka 21.42, men melde med ein gong at sjåføren har kome frå det tilsynelatande utan alvorleg personskade.

– Sjåføren er oppegåande og pratar med oss, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Espen Gulliksen.

NRK har snakka med eit vitne på staden, som seier at det ligg gipsplater strøydd og at traileren sperrar heile vegen.

– Det tar nok nokre timar å rydde opp her. Det er heilt stengt og har byrja å danne seg køar, seier vitnet.

Det var ingen andre køyretøy eller personar involverte i hendinga. Vegen har vore stengd sidan ulukka skjedde, og vil bli stengt ei stund.

– Bilberging er på staden og vi reknar med at det tek to timar å rydde opp, seier trafikkoperatør Ove Amundsen.

Han opplyser at det er omkøyring for personbilar på fylkesveg 271 ved Tønjum. Det er ikkje omkøyring for større køyretøy, presiserer Amundsen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast