Hopp til innhold

Trailer køyrde i fjellveggen

Sjåføren kom frå det utan fysiske skader då traileren han køyrde hamna i fjellveggen på riksveg 60 natt til søndag.

Trailer i fjellveggen på riksveg 15 i Hornindal.
Foto: Roger Vik

Utforkøyringa skjedde mellom Kjøs bru og Kjøshammartunnelen i Hornindal rundt klokka halv tre natt til søndag.

Sjåføren vart send til legesjekk, men kom frå det utan fysiske skader. Rett etter legebesøket var han tilbake på ulukkesstaden.

Det var glatt føre og snøver, og traileren har truleg fått skrens i ein sving. Det var ingen andre involverte i ulukka.