Trailer køyrde av vegen på E39 i Jølster

Ein trailer køyrde sundag ettermiddag av vegen på E39, ved avkøyringa til Svidalen i Jølster.

Trailer Svidalen

I GRØFTA: Traileren måtte gjere ein unnamanøver, og køyrde langs grøfta eit stykke før han la seg over på sida.

Foto: NRK-tipsar
Eirik Hildal
Journalist

Utforkøyringa skal ha skjedd i samband med at traileren møtte ein bil som låg for langt inn mot midten av vegen, får NRK opplyst frå politiet sin operasjonssentral i Florø.

Lastebilen var lasta med lydanlegg som var brukt på Skei laurdag kveld, og skal etter planen vere i Bergen på ei messe måndag.

Ikkje personskade

Traileren skal vere intakt, så det er ingen lekkasje frå han, opplyser politiet.

Sjåføren kom frå uhellet utan skadar.

– Det er ikkje snakk om personskade, får NRK opplyst frå politiet sin operasjonssentral i Florø.

Sjåføren vart likevel send til sjukehus for ein helsesjekk.

Vegen er open

Politiet opplyser at vegen er open.

– Traileren ligg i grøfta, så trafikken går som normalt.

I samband med bilberging vil vegen verte stengd i ein kort periode.

Trailer utfor vegen
Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK
Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.