NRK Meny
Normal

Trailer har velta ved Kaupanger

Ein trailer har velta og sperrar delvis det eine køyrefeltet på riksveg 5 på Kaupanger.

Trailervelt Kaupanger

PÅ SIDA: Det er ikkje kjent kvifor traileren har velta.

Foto: Christian Blom

Klokka 20:45: Politiet opplyser at det framleis pågår dirigering på staden. Traileren må bli tømt for last først. Ein reknar med bilberging kjem til ved midnatt.

– Det er ikkje meldt om personskade, opplyser Odd Arve Solvåg ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Uhellet skal ha skjedd ved Vesterland på Kaupanger, og det skal ikkje vere andre køyretøy involvert. Politiet fekk meldinga like etter klokka 18.

– Naudetatane er på veg til staden no. Det skal ikkje vere dramatisk, men køyretøyet sperrar delvis det eine køyrefeltet, seier Solvåg til NRK like etter meldinga om uhellet kom.

Klokka 18.20 opplyser politiet at helsepersonell no ser til sjåføren som var åleine i traileren. Bilberging er rekvirert, og trafikken vert dirigert forbi staden.

Årsaka til uhellet er ikkje kjent.

Saka vert oppdatert.

Trailervelt Kaupanger
Foto: Christian Blom
Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.