Hopp til innhold

To til sjukehus etter utforkøyring - politiet mistenkjer høg fart

To personar er frakta til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger. Vitne skal ha forklart til politiet at bilen heldt høg fart.

Trafikkulykke Balestrand

– Det var to personar i bilen, ein mann og ei kvinne - begge i slutten av tenåra. Dei blir begge frakta til Førde sentralsjukehus, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det skal ikkje vere snakk livstrugande skader.

Det var klokka 18.26 at politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt av vegen nær Målsnes, nokre kilometer aust for Kvamsøy.

–Bilen var på veg i retning Balestrand og har køyrt av vegen på venstre side, der den traff nokre sandvollar. Vi har opplysningar som tydar på at det har vore køyrt hardt. Vi har vitne til køyringa. Førarkortet er kverrsett og det blir oppretta sak, opplyser Drange.

Ein luftambulanse, ambulanse, politi og brannvesen rykte ut til ulykka.

Vegen vart opna med manuell dirigering i påvente av bilberging etter ulykka.