Hopp til innhold

Trafikkulykke kosta førarkortet

Politiet har kverrsett førarkortet til ein av personane som var involverte i ei trafikkulykke på riksveg 614 mellom Svelgen og Kjelkenes.

Trafikkulukke på riksveg 614 mellom Svelgen og Kjelkenes.
Foto: Ingrid E. Haugen, svelgen.no

Personen mista førarkortet grunna uvøren køyring i samband med ulykka.

Det er meldt om lettare personskader i samanstøyteten mellom dei to personbilane.

Politiet vil enno ikkje kome med detaljar rundt uhellet, som skjedde i halv fire-tida tysdag ettermiddag.