Trafikkulykke i Jølster

Ein trailer har kollidert med ein personbil då bilen svinga inn på E39 ved Svidalsneset mellom Vassenden og Ålhus i Jølster. Det er to personar i personbilen og ein i traileren. Naudetatane er på staden og har kontakt med dei involverte. Dei to i personbilen vert frakta med ambulanse til sjukehuset i Førde. Vegen er no sperra. Det seier politiet.