Hopp til innhold

Trafikkulykke i Førde

Ambulanse, politi og brannvesen rykte ut til ei trafikkulykke i Førde,

Trafikkulukke Halbrendslia 18. august 200
Foto: Vegar Erstad / NRK

– Ein bil har hamna på taket på E39 ved Rikets sal, opplyser operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sendt til legesjekk

Dei fekk medling om ulykka klokka 15.11, og bilen var truleg på veg oppover lia. Føraren vart sendt til legesjekk.

Trafikken vert dirigert forbi i eitt felt, og det var ikkje større køproblem på staden.

Politiet etterforskar ulukka, og ønskjer å koma i kontakt med ein syklist som var på veg mot Førde då ulukka skjedde.