Trafikkulykke i Florø sentrum

Politi og ambulanse rykte ut til staden, etter at ein bil og ein syklist small saman i Florø sentrum.

- Politi og ambulanse er på staden, opplyser poltiets operasjonssentral i Florø.

Det var like før klokka 14.30 at politiet fekk melding om trafikkulykka i Florø sentrum.

- Det vi veit er at ein syklist er påkøyrd midt i sentrum, seier operasjonsleiaren til politiet.

Ein gut skal ha komme lettare til skade. Vedkommande er send til sjukehus.

Knut Horvath Maristuen skal passe på at reinen heldt seg på rett side av riksvegen over Hemsedalsfjellet.
I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.
Ferjer som ikkje går når dei skal, er dessverre eit ikkje ukjent fenomen her på Vestlandet. 
På E39-sambandet Anda-Lote i Nordfjord var det over 100 innstilte avgangar i fjor. Og for nokon kan ei innstilte ferje få alvorlege konsekvensar.