Hopp til innhold

Bil hamna på taket

Ein bil hamna på taket ved Haukå i Flora kommune i ettermiddag.

Ulukke Haukå

KØAR: Vegen var stengd frå ulukka skjedde like før klokka 17. Klokka 17.52 melder vegvesenet av det er fri ferdsel på staden.

Foto: Truls Kleiven

Politiet fekk melding om ulukka på fylkesveg 614 klokka 16.49. Kvinna som var åleine i bilen har kome seg ut.

– Ho er oppegåande, og vi har prata med henne, får NRK opplyst frå operasjonssentralen.

Politiet har ikkje nærmare opplysningar om helsetilstanden. Naudetatane er på staden.

Vegen var stengd i om lag ein time etter ulukka, men er no open for trafikk.

Føraren, ei kvinne i 60-åra, kom uskadd frå uhellet. Ho er no fråteken førarkortet.

Haukå