Hopp til innhold

Trafikkulukke ved Stårheim ferjekai

To personar er sendt til undersøking etter ei trafikkulukke på riksveg 15 ved Stårheim ferjekai.

Trafikkulukke Stårheim

TRAFIKKULYKKE: Det var ved krysset til Stårheim ferjekai to bilar kolliderte.

Foto: NRK-tipsar

To personbilar har kollidert i krysset ved Stårheim ferjekai, det opplyser operasjonssentralen til Vest politidistrikt. Dei meldte om ulukka på Twitter like etter klokka 16.30.

Det var to personar i kvar bil, og desse skal ha lettare skader har politiet fått opplyst av ambulansen som er på staden.

Like før klokka 17.00 kunne Alarmsentralen melde at dei hadde sendt ut mannskap frå Nordfjordeid.

Det var ei stund trafikale utfordringar på staden, men trafikken blei dirigert.

To til sjukehus

Klokka 17.12 skreiv Helse Førde på sin Twitter-konto at to personar blir sendt til lokalt sjukehus for vidare undersøking av helsepersonell. To personar hadde ikkje behov for vidare behandling.

Vitne NRK har snakka med fortel at fleire frivillige bidrog på ulykkesstaden, deriblant med å dirigere trafikken. Ifølge vitnet var ambulansen raskt på staden.

Den eine bilen stod i kanten på oppsida av vegen, den andre har hamna på ein grasflekk på nedsida av vegen.

stårheim