NRK Meny
Normal

To personar sendt til sjukehus etter trafikkulukke i Jølster

Ein trailer har kollidert med ein personbil mellom Vassenden og Skei i Jølster. Det var to personar i personbilen, og ein person i traileren.

Bilulukke jølster

KOLLISJON: Ein personbil og ein trailer kolliderte ved Svidalsneset i Jølster. Det var ikkje glatt på staden, og politiet seier ulukka skjedde i samband med utkøyring frå ein sideveg.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Dei to i personbilen er frakta til sjukehus i Førde med ambulanse.

– Dei har tilsynelatande mindre skadar, og er sendt til legevakta på undersøking, fortel politibetjent Tone Stien er på ulukkesstaden.

Operasjonsleiar i Florø, Marianne Føleide, fortel at passasjeren hadde kuttskadar i hovudet eller ansikt.

– Patruljen snakka med alle som var involverte i ulukka då dei kom til staden, og alle var oppe og gjekk, fortel operasjonsleiaren.

Bilen kom frå sideveg

– Det er ein trailer som har køyrt på E39 mot Skei, og så har det komme ein bil og svinga inn på E39 frå ein sideveg. Så har dei kollidert, fortel operasjonsleiaren.

Ulukka skjedde ved Svidalsneset, mellom Ålhus og Vassenden.

Vegen har vore sperra etter ulukka.

– No har vi opna for trafikk i eitt felt. Vi har bestilt bilberging til bilane, seier Føleide.

Politiet var i nærleiken og kom over hendinga sjølv, fortel politiet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.