Hopp til innhold

Trafikkulukke utanfor Sogndal

To bilar har hamna i ei trafikkulukke under ei forbikøyring utanfor Sogndal tysdag morgon.

Trafikkulukke Sogndal

SMELL: Bilen har fått skader, men begge personane er ute av bilane og oppegåande, opplyser politiet.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det skjedde rundt ein kilometer frå Sogndal, på fylkesveg 55 mot Gaupne, seier Olaug Holme hjå politiet i Sogn og Fjordane.

Det var ein person i kvar av bilane. Skadeomfanget er førebels ukjend.

– Men begge personane ute av bilane, og begge er oppegåande, seier Holme.

Køane bygde seg opp på begge sider av ulukkesstaden. Vegen vart stengd til bilbergar kom til staden, men er no open att.

Oppdatering klokka 10: Dei to personane som var involverte i ulukka vart sende til levevakt for kontroll.

Trafikkulukke Sogndal

LANGE KØAR: Ikkje lenge etter ulukka, byrja køane å bygge seg opp. Vegen vert stengd til bilbergar kjem til staden.

Foto: Arve Uglum / NRK