Hopp til innhold

Fylkesveg i Gulen opna etter trafikkulukke

Ein person er sendt til Haukeland sjukehus etter frontkollisjonen på fylkesveg 570 ved Steine.

ULUKKE: Ulukka skal ha skjedd nær krysset mellom fylkesveg 57 og fylkesveg 570.

Politiet fekk i 11.30-tida melding om ein frontkollisjon mellom to bilar, like ved krysset til fylkesveg 57. Vegen var i byrjinga stengd. Like før klokka 14 opplyser politiet at vegen er opna for fri ferdsle.

Ein person er sendt til Haukeland sjukehus med ambulanse etter ulukka.

– Det skal vere ein person i kvar av bilane. Vegen er heilt stengd, opplyste operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt like etter ulukka.

Det var ein forbipasserande som varsla politiet om ulukka.

– Vi har fått skildra ein høvesvis kraftig kollisjon, seier Geitle og seier at ingen skal vere fastklemde.

– Det var snakk om det i byrjinga, men vedkommande skal vere fri no, seier Geitle.

Ifølgje Alarmsentralen i Hordaland skal alle personar vere ute av bilane.