NRK Meny

Trafikkulukke rv. 15

Ein bil køyrde utfor vegen på rv.15 mellom Eid og Stryn i 23-tida sundag kveld. Ein mann i 20-åra var fastklemd og vart frigjort av naudetatane. Mannen vart frakta vekk med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. – Det er mistanke om køyring i rusa tilstand, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Eivind Hellesund. Politiet melder om at det var svært glatt på staden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.