Trafikkulukke på Strynefjellet

To bilar har kollidert på rv. 15 over Strynefjellet i Oppland. Totalt åtte personar er involverte i ulukka som har skjedd i nærleiken av Grotlivatnet. Skadeomfang er ukjent. Naudetatane er på veg til staden. Vegtrafikksentralen opplyser om at fjellovergangen vil vere stengt ei god stund.