Trafikkulukke på riksveg 5

To bilar er involverte i ei bilulukke langs riksveg 5 ved Eikefjorden i Flora. Alle dei tre personane er sende til legevakt for sjekk.

Trafikkulukke, Eikefjord

TO BILAR: Alle naudetatane er på plass ved ulukkesstaden.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Klokka 10.05 melder politiet at alle involverte verkar oppegåande, men at dei er sende til sjekk på legevakta.

– Den eine bilen har kome ut på riksveg 5 og blitt påkøyrd av ein bil som kom køyrande i retning Førde, seier Terje Magnussen ved operasjonssentralen i Bergen.

Politiet melde klokka 09.40 at naudetatane var på veg til staden og at tre personar var involverte. Politiet sa til NRK at dei ikkje har oversikt over skadeomfanget, men ved alarmsentralen hadde dei ikkje fått melding om alvorlege skadar.

Statens vegvesen melder at trafikken kjem forbi på staden, men med redusert kapasitet.

– Bilbergar er på veg til staden no, seier Magnussen.

Trafikkulukke, Eikefjord

PÅKØYRD: Den eine bilen køyrde på den andre då denne svinga inn på riksveg 5.

Foto: Solveig Svarstad / NRK