Hopp til innhold

Trafikkulukke på Jølstraholmen

To personar er sendt til legesjekk etter trafikkulukke ved Jølstraholmen.

Trafikkulukke på Jølstraholmen

KOLLISJON: To personar vart lettare skadde ein kollisjon laurdag ettermiddag.

Foto: Tine Skovro

Ein bil som stogga for ein fotgjengar vart påkøyrt bakfrå av ein annan bil. Ulukka skjedde ved Jølstraholmen i formiddag.

– Ifølgje vitne skal eit barn ha vore på veg over gangfeltet, seier Per Algerøy, som er operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 14. Det var i alt fem personar i dei to bilane.

Tok førarkortet til kvinne i 20-åra

To av dei involverte vart lettare skadde og vart køyrt til legevakt for sjekk. Dei tre andre kom frå det utan skadar, opplyser politiet på Twitter.

– Det var tre personar i den fremste bilen og to i den bakarste. Førar av den bakarste bilen, ei kvinne i 20-åra, har fått beslaglagt førarkortet. Det er oppretta ein politisak, seier Algerøy.

Vegen vart stengt etter ulukka, men vart opna att klokka 14.37.

Laster Twitter-innhold
Jølstraholmen