Hopp til innhold

Trafikkulukke på Hornnes i Førde

Det har vore ei trafikkulukke på riksveg 5 mellom Naustdal og Førde, og tre bilar har vore involvert i ulukka.

Trafikkulukke på Hornnes

KØYRDE I KVARANDRE: Dei tre bilane skal ha køyrd i kvarandre i eit område som er lysregulert på grunn av anleggsarbeid.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Naudetatane kom raskt til staden og fekk vegen stengd av. Etter ei stund vart dei involverte frakta til sjukehus, og vegen vart raskt opne opp at for manuell dirigering, seier Marianne Føleide ved Vest politidistrikt.

I samband anleggsarbeid i området er det lysregulert på vegen der ulukka skjedde, og det var i det regulerte området bilane har køyrd inn i kvarandre bakfrå.

Kollisjonsputene skal ha blitt utløyst i ein av bilane, men ingen av førarane er kritisk skadde. Alle tre som var i dei tre bilane er likevel sendt til sjukehuset for ein sjekk.

Mykje trafikk

Vegen er hovudfartsåre mellom Førde og Florø, og ganske mykje traffikert. I samband med anleggsarbeidet gir lysreguleringa ventetider på opp til ti minutt.

I det regulerte området er fartsgrensa 50 kilometer i timen, og bilane skal ikkje ha hatt noko høgare fart enn det då dei kolliderte i kvarandre.