NRK Meny

Trafikkulukke på E39

To bilar med tre personar er involvert i ei trafikkulukke ved Torvund mellom Vadheim og Lavik på E39, skriv politiet på Twitter. Politiet opplyser om at ulukka skjedde i samband med ei forbikøyring. – Det er store materielle skader. Ein person har smerter i brystet, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Magni Brandsøy. Det er manuell dirigering av trafikken på staden.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote