NRK Meny

Trafikkulukke på E39

Ein personbil har køyrt i grøfta ved Årbergsdalen på E39 mellom Sande og Vadheim. Sjåføraren, ei kvinne i 20-åra, var åleine i bilen. Helse Førde opplyser at kvinna er sendt til sjukehus i bilambulanse. Politiet opplyser at sjåføraren er oppegåande, men at vedkomande fortel om smerter i kroppen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune