Hopp til innhold

Trafikkulukke mellom Olden og Innvik

Ein bil har køyrd av vegen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik, og to personar vert sendt vidare for legesjekk.

Trafikkulukke i Stryn kommune

KØYRD AV VEGEN: Ein bil har køyrd av vegen mellom Olden og Innvik

Foto: Asle Veien / NRK

– Det er ikkje tale om livstrugande skader, men begge dei to som var i bilen er skadde, og dei skal bli undersøkt vidare av helsepersonell, fortel Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen til politiet.

Ulukka har skjedd på den delen av vegen der det for tida er anleggsarbeid og utbetring av vegen på gang. Det er ikkje noko regulering på staden, men farten er nedsett i samband med arbeidet.

Vegen mellom Olden og Innvik har tidlegare vorte skildra som den «dårlegaste» i landet, men er no ein god del breiare enn han var på ulukkesstaden.

Olden Innvik

Mistanke om promille

Politiet tok ein promilletest av sjåføren på staden, og den gav eit positivt resultat. Det tyder at politiet her har sterke mistankar om at det har vore alkohol inne i bildet.

– Vi har teke ein blodprøve, så etter kvart vil vi få eit klart svar på om det her er tale om promillekøyring, seier Solvåg.

Alle naudetatane var framme på staden like etter klokka 9 i dag.