Bilen dei sat i skal ha køyrt ut i ein skarp sving og hamna i fjellveggen. Høg fart kan vere årsaka, opplyser politiet.
Ein av dei skadde vart sendt til Førde sentralsjukehus, medan dei to andre vart innlagde ved Nordfjord sjukehus, melder AMK. Ingen av mennene skal vere alvorleg skadde.