Hopp til innhold

To skadde etter trafikkulukke i Sogndal sentrum - ein person mellombels utan lappen

Klokka 18.15 fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Sogndal sentrum. Sju personar sat i dei to bilane som var involverte i ulukka.

Sju personar var involverte i ulukka i Sogndal sentrum, to vart sende til legesjekk.

Sju personar var involverte i ulukka i Sogndal sentrum, to vart sende til legesjekk.

Foto: Christian Blom

– Det er ei trafikkulukke med personskade. To bilar har køyrt etter kvarandre, og den fremste har stogga for fotgjengarar. Så vart den bilen påkøyrd bakfrå, fortel operasjonsleiar i politiet, Kjetil Drange.

Politiet har mellombels teke frå den eine sjåføren førarkortet.

– Omstenda, med påkøyrsle bakfrå, gjer at vi mellombels har inndrege det. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, seier Drange.

Fem av dei involverte i ulukka er tilsynelatande uskadde, medan to blir tekne med til lege for nærare sjekk.

Alle naudetatane kom raskt til staden.

Ein bil vart påkøyrd bakfrå i Sogndal sentrum.

UTAN LAPPEN: Føraren som køyrde i den andre bilen bakfrå er mellombels utan førarkort etter ulukka.

Foto: Christian Blom