Trafikkulukke i Nordfjord

Ein bil har køyrt av vegen på rv. 15 om lag fem minutt frå Eid sentrum, retning Måløy. – Personane i bilen skal ikkje vera skadd. Bilen har køyrt ganske langt utfor vegen og derfor er det ikkje stengt på strekninga, seier Stein Rune Halleraker i politiet. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier at dei dirigerer trafikken på staden fram til politiet kjem fram og at det var to personar i bilen. Dei har blitt sett til av lege, men vert ikkje sendt til legevakta. Ulukka vart meldt klokka 16.01.