Trafikkulukke i Nordfjord

Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke ved Indre Røed på rv15 i Nordfjord. Ein bil med to personar har køyrt av vegen. Begge er ute av bilen, og det er ikkje meldt om alvorlege personskadar. Eitt køyrefelt er ope på staden, melder Vest politidistrikt.