Hopp til innhold

Trafikkulukke i Marifjøra

Ei kvinne i 50-åra er send til sentralsjukehuset i Førde etter ei trafikkulukke i Marifjøra i Luster.

Trafikkulukke i Marifjøra

TRAFIKKULUKKE: Ein bil har gått rundt og blitt liggande på sida ved Marifjøra i Luster.

Foto: NRK-tipsar

Det skal dreie seg om eit køyretøy, og naudetatane er no på veg til staden, melder politiet på Twitter klokka 11.

– Politiet fekk melding om ulukka klokka 10.54. Det er ein bil som har gått rundt og blitt liggande på sida, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Det var ein person i bilen. Politiet opplyser at det skal ha vore glatt vegbane på ulukkesstaden.

Klokka 11 melder Statens vegvesen at vegen er opna igjen, etter å ha vore stengd ein periode etter ulukka.

– Kvinna har klaga over smerter i nakke og bein, seier Samsonsen.

Han kan førebels ikkje seie noko om kor alvorleg skadd vedkomande er.

Klokka 13.05 opplyser politiet at den skadde er send til Sentralsjukehuset i Førde med ambulanse. Samsonsen kan førebels ikkje seie noko om kor alvorleg skadd vedkomande er.

Laster Twitter-innhold