To til sjukehus etter utforkøyring

Ein bil med to personar har køyrt utfor vegen i Innvik i Stryn.

Trafikkulukke i Innvik

HAMNA UTFOR VEGEN: Bilen kom utfor vegen, blei kasta rundt og blei liggande på sida i grøfta.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Politiet fekk melding om trafikkulukka på fylkesveg 60 klokka 07:26. Ambulanse og ei politipatrulje rykka ut til staden.

Både førar og passasjer er i slutten av tenåra og begge blei sende til Førde sentralsjukehus for kontroll. Då ulukka skjedde var det våt vegbane og plussgrader. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Vegen var stengd ei lita stund under bilberginga, men er no open. Ulukka blir etterforska av Stryn lensmannskontor.