Hopp til innhold

Skapte lange køar utanfor tunnelen

Naudetatane rykte sundag ettermiddag ut til ei trafikkulukke i Gudvangatunnelen.

Ulukke Gudvangatunnelen

LANGE KØAR: Klokka 18 opna vegen for trafikk, og då hadde det danna seg lange køar utanfor tunnelen etter ulukka som skjedde like over klokka 16.

Foto: Martine Hartveit

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.14. Ein bil køyrde over i motsett køyrefelt og inn i tunnelveggen.

– Det er ein bil som har køyrt i fjellveggen. Det var to personar i bilen, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Per Rimmen, til NRK.no

Dei første rapportane frå staden tyder på at dei to personane av utanlandsk opphav berre er lettare skadde.

– Det skal ikkje vere snakk om alvorlege personskadar, seier Rimmen.

Klokka 18.00 melder Statens vegvesen at vegen er open for trafikk. E16 ved Gudvangatunnelen var stengt etter ulukka, og det danna seg lange køar utanfor tunnelen.

Sundag kveld opplyser Helse Bergen i ei pressemelding at ei kvinne på 28 år ligg lettare skadd på Voss Sjukehus etter ulukka.

Gudvangatunnellen