Trafikkulukke i Florø

Det har vore ein kollisjon mellom ein personbil og ein moped ved Nybø i Florø. Føraren av mopeden er frakta til legevakt med lettare skadar, opplyser Vest politidistrikt. Føraren av bilen skal vere uskadd. Politiet opprettar sak etter hendinga.