NRK Meny
Normal

Trafikkulukke i Florø

To personbilar har kollidert ved Krokane i Florø. Ein person blei frakta vekk med ambulanse.

Ulukke

I GRØFTA: Den eine bilen hamna i grøfta etter trafikkuhellet i Florø.

Foto: NRK-TIPSAR

Trafikkuhellet skjedde ved rundkøyringa på Krokane i Florø. I samband med kollisjonen køyrde den eine bilen ut av vegen og inn i ein ladestasjon for el-bilar.

Ein person er sendt til lege for sjekk etter ulukka.

Alarmsentralen i Florø melder om at det ikkje er snakk om store personskadar.

Florø

TO PERSONBILAR: Det var to personbilar som kolliderte i Florø.

Foto: NRK-TIPSAR
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.