NRK Meny
Normal

Trafikkulukke i Eikefjord

Ein mann og ei kvinne i 50-åra er alvorleg skada etter ei trafikkulukke på riksveg fem mellom Førde og Florø.

Trafikkulukke i Eikefjord

HENTA MED HELIKOPTER: To personar vart frakta med luftambulanse til sjukehus etter trafikkulukka.

Foto: Truls Kleiven

Ei kvinne og ein mann 50-åra er alvorleg skada etter bilulukka i Eikefjord. Mannen vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med helikopter, medan kvinna vart flydd til Førde sentralsjukehus.

Ei tenåringsjente og ein mann i 50-åra er mindre skada etter ulukka, som skjedde på riksveg fem mellom Førde og Florø.

– Vi fekk melding om hendinga klokka 13.25. Det er to bilar som har kollidert front mot front, opplyser operasjonsleiar Gustav Landro ved Vest politidistrikt.

Fleire ambulansar, luftambulanse, redningshelikopter, brannvesen og politivart umiddelbart sendt til staden.

Laurdag ettermiddag opplyser politiets sin operasjonssentral at dei er i gong med å avhøyre vitne som har sett heile eller deler av ulukka.

Trafikkulukke i Eikefjorden

FRONT MOT FRONT: Det var til saman fire personar i dei to bilane som kolliderte.

Foto: Truls Kleiven

Like etter ulukka opplyste vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK at det skulle vere svært glatt på ulukkesstaden.

– Det har eg ikkje fått informasjon om, vi har først og fremst konsentrert oss om redningsarbeidet, seier Landro.

Han seier dei førebels ikkje kan seie noko om kva som kan vere årsaka til ulukka.

– No skal vi først ta hand om dei involverte i ulukka, og få rydda ulukkesstaden. Så vert det sett i gang etterforsking for å få svar på kva som kan vere årsak til ulukka seier Landro.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.