Hopp til innhold

Trafikkulukke i Eid

Det har vore ei trafikkulukke vest for Kjøs bru i Eid kommune, og E39 og riksveg 15 er no stengd i området. Det er berre ein bil som har vore involvert i ulukka, og i denne sat det ein mann. Han er no frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse, det fortel Marianne Føleide ved Vest politidistrikt. Politiet veit ikkje om mannen er livstrugande skada.