Hopp til innhold

Trafikkuhell på riksveg 15

Naudetatane har rykt ut til eit trafikkuhell på riksveg 15 ved Stårheim i Eid.

Trafikkuhell Stårheim

SLAPSEFØRE: Bilføraren miste kontrollen, bilen fekk skrens og hamna i fjellveggen.

Foto: Asgeir heimdal Reksnes / NRK

Det er ein bil med fire personer i som har fått sleng på bilen og køyrt i fjellveggen vest for ferjekaien på Stårheim.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 08.28.

Dei fire i bilen er sende med ambulanse til Nordfjord sjukehus for sjekk.

Det var slaps i vegen, opplyser politiet.

Trafikkuhell Stårheim

I FJELLVEGGEN: Bilen fekk skrens og hamna i fjellskjeringa.

Foto: Asgeir heimdal Reksnes / NRK