Hopp til innhold

Trafikkuhell på glatta

Politiet har fått melding om to trafikkuhell etter at nysnøen har lagt seg over 3-400 meters høgde onsdag.

På riksveg 614 mellom Norddalsfjordbrua og Svelgen køyrde ein bil utfor på Florø-sida av Magnhildskartunnelen. Ingen personar vart skadd i uhellet.

På E39 mellom Førde og Sande ved Skilbrei vart ein bubil påkøyrd bakfrå av ein lastebil. Bubilen blinka seg ut og bremsa opp, men føraren av lastebilen greidde ikkje å bremse like fort på det glatte føret. Heller ikkje i dette uhellet var det personskade.