Trafikkuhell i Viksdalen

Ein motorsykkel og ein lastebil har vore involverte i eit trafikkuhell på fv. 610 i Viksdalen. Motorsyklisten er ifølgje Firda frakta til sjukehuset i Førde. – Skadeomfanget er ukjent, men han var oppegåande då han reiste, seier innsatsleiar Synnøve Domben til avisa.