Trafikkuhell i Sogndal

Politiet har no rykka ut til eit trafikkuhell i Sogndal. Ein bil skal ha mista hengaren i Stedjevegen, og hengaren trefte ein bubil. – Denne er ikkje køyrbar no, men ingen personar skal vere skadde, seier operasjonsleiar Terje Magnussen. Uhellet har skjedd i ei 50-sone. Trafikken kan passere på staden.