Hopp til innhold

Køyrde i støypekant og hamna på taket

Naudetatane rykte onsdag ettermiddag ut til eit trafikkuhell i Naustdal kommune. Kvinna i bilen vart ikkje alvorleg skadd.

Sjå video frå staden og politiet sine kommentarar, etter trafikkuhellet i Naustdal, der ei kvinne trefte støypekanten og bilen hamna på taket.

Politiet på staden meiner kvinna som køyrde bilen har vore svært heldig. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland.

– Vi fekk nettopp meldinga, og har ikkje meir informasjon akkurat no, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Køyrde i støypekant

Klokka 18.24 seier Værøy at uhellet skjedde ved Instedalen i Naustdal.

– Bilen køyrde i ein støypekant og hamna på taket. Det var ein person i bilen, seier han.

Politiet veit førebels ikkje noko om skadeomfanget til kvinna i bilen.

– Men vedkomande er medviten, seier Værøy.

Ikkje alvorleg personskade

Klokka 19.13 opplyser politiet til NRK at kvinna ikkje vart alvorleg skadd i uhellet.

– Ho er frakta til lege for kontroll. Dette har gått bra, seier Inge Værøy.

Kvinna er i 50-åra. Årsaka til utforkøyringa er førebels ikkje kjent. Saka vert vidare etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.

Trafikkuhell Naustdal

PÅ TAKET: Bilen hamna på taket etter å ha treft støypekanten, opplyser politiet

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK