Hopp til innhold

Trafikkuhell i Luster

To bilar har kollidert ved Gaupne i Luster, og tre personar skal ha vore involvert i uhellet. Ein person er køyrt til sjukehuset i Førde, og to er køyrt til legevakta for ein sjekk.

Front mot front

– Alle dei tre personane har mindre personskadar, fortel Kjetil Drange ved operasjonssentralen til politiet i Florø.

Fylkesveg 55 gjennom Luster har vore stengd, men no dirigerer brannvesenet trafikken ved ulukkesstaden.

Dei to bilane har kollidert front mot front, og uhellet har skjedd ved avkøyrselen mot Jostedalen.

Ulukka skjedde like før klokka 18 torsdag kveld, og alle naudetatar vart kalla ut.

Politiet fortel at den eine sjåføren har mista førarkortet etter uhellet.

– Det vil bli etterforska, så eg kan ikkje kommentere kva som har skjedd, med det er i samband med måten den eine sjåføren har køyrt på.