Hopp til innhold

Trafikkuhell i Førde

Ein lastebil har køyrt utanfor vegen på Bruland i Førde. Ingen skal vere skadde, men det er meldt om materielle skadar på lastebil og autovern. Politiet er på staden og konkluderer med at det er eit reint uhell. Lastebilen står utanfor vegbanen, og ein tungbergar er på veg for å hente med seg lastebilen.