Hopp til innhold

Trafikkontrollar i Eid.

Ein mann i 20-åra vart teken med til lege for å ta blodprøve. Han er mistenkt for køyring av bil i rusa tilstand på Nordfjordeid. Førarkortet til mannen vart kverrsett. Saka vert vidare etterforska. UP hadde same kveld fartskontroll på E39 på Nordfjordeid, og skreiv ut sju forenkla førelegg. Ein førar kom over åtte prikkar i førarkortet, og det vart dermed teken frå han.