Hopp til innhold

Trafikklys i utakt

På E39 ved Drægebø mellom Vadheim og Sande fungerer ikkje trafikklysa som dei skal, opplyser politiet. Det er raudt lys begge vegar i periodar. Vegtrafikksentralen er varsla og sender ut folk som kan reparere lyset.