Hopp til innhold

Trafikkfarleg oppførsel i rusa tilstand

Politiet måtte natt til søndag rykke ut i Førde etter meldingar om ein rusa mann som gjekk midt i vegbana.

Illustrasjon
Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Fleire bilar måtte stogge for den rusa personen, men politiet fann vedkomande og fekk han trygt heim. Seinare på natta måtte dei også køyre heim ein person som hadde lagt seg til i ei grøft. Politiet vart også kalla ut til ein utestad i Førde tidlegare på kvelden, som måtte få hjelp til å hanskast med ein vanskeleg gjest. personen hadde stukke av frå staden før politiet kom.

I Sogndal vart ein patrulje kalla ut til ein bustad, der det vart meldt om skadeverk på eit vindauge. Vindauget skal ha blitt røska opp, men ingenting vart stole frå staden, skriv politiet på Twitter.