Trafikken i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Ser du noko i trafikken du meiner andre bør vite? Tips oss på sf@nrk.no eller med kodeord SF til 1987. Her får du trafikkoppdateringar på vegane i Sogn og Fjordane Sjå også NRK Trafikk for flere vegmeldinger.

  • Brannbil i grøfta

    Ein brannbil har køyrd ut av vegen og hamna i grøfta på Almenningsfjellet på riksveg 15 i Vågsøy. Det melder Fjordenes Tidende. Det blir meldt om lange køar på staden. Det skal ikkje ha vore ein bil som var under uttrykkning.

  • Vil kjempe for avdelinga

    – No må politikarane på bana, seier Idar Sølvberg ved Eid Motor. I vår skreiv ni verksemder brev til Samferdsledepartementet etter at Staten vegvesen ville legge ned trafikkstasjonen i Eid. I går kom eit revidert forslag der dei beheld trafikkstasjonen for småbilar, men held fast på å flytte tungbilavdelinga til Førde.

    Trafikkstasjonen på Nordfjordeid
    Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
  • – Skrap rutene dine

    Politiet oppmodar no bilistar om å vere flinke med å skrape rutene for is. Har du slurva kan du få bot på 2600 kr eller miste lappen alt etter kor dårleg skrapinga er. – I verste fall kan det skje ulykker, seier Rune Fimreite i Vest politidistrikt.

    Bil som blei stoppa i 2017 med nedisa frontrute
    Foto: Politiet (Arkivfoto)
Enorme vassmengder og lausmassar stengde E39 på Vassenden i Jølster. Søndag morgon var vegen framleis stengd.