NRK Meny
Normal

Her køyrer det tusen fleire køyretøy dagleg etter at Gudvangatunnelen vart stengd

Omkøyring etter stenginga på E16 Gudvangatunnelen har ført til at trafikkmengda på riksveg 55 Hella–Sogndal har auka med tusen fleire køyretøy i døgnet.

Busskollisjon i Fardal

AUKA TRAFIKK: Trafikken på riksveg 55 mellom Hella og Sogndal har auka med nesten 50 prosent etter at Gudvangatunnelen vart stengd. Her er bilete frå Fardal der dødsulykka skjedde måndag.

Foto: Anders Veberg / NRK

E16 Gudvangatunnelen vart stengd etter øydeleggingane som oppstod då ein semitrailer tok fyr inne i tunnelen.

Førebels er tunnelen stengd i tre veker til. Omkøyring er anten riksveg 13 over Vikafjellet, og følgjeleg også riksveg 55 Hella-Sogndal, dersom ein skal til indre Sogn, eller riksveg 7 over Hardangervidda.

Tal frå Statens vegvesen syner at trafikken i snitt har auka med 50 prosent, om lag med 1000 fleire køyretøy i døgnet.

– Trafikken har auka. Vi har målingar i Fatlatunnelen, og det tyder på om lag 1000 fleire køyretøy dagleg. Mellom Fardal og Sogndal er det på årsbasis om lag 2300 bilar per døgn, så vi snakkar mellom 40 og 50 prosent auke, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Olav Svangstu.

Fleire køyretøy gir auka sannsyn for ulykker

Han ønskjer ikkje å spekulere i om den auka trafikken kan ha vore ei medverkande årsak til ulykka.

– Det er klart at når det er fleire køyretøy på ein veg, så aukar også sannsynet for at det kan skje fleire ulykker, seier Svangstu.

Sjefen for det svenske buss-selskapet har i media hevda at vegen var for smal til at bussar skal trafikkere strekninga. Men dette samsvarar ikkje med funna som Statens vegvesen har gjort.

– Undersøkingane vi har gjort i dag, tyder på at det er godt og vel seks meter brei veg. Nøyaktig er breidda 6,30 meter der ulykka skjedde, seier Svangstu.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ulykke Fardal i Sogn

Ulukke FARDAL

Ville bygd breiare veg i dag

Dermed er vegstrekninga der ulykka skjedde, ikkje blant dei smalaste ein finn i Sogn og Fjordane.

Norge følgjer stort sett EU sine relar for tillaten dimensjonering av køyretøy. Ifølgje Wikipedia kan ein buss i forhold til lova vere maksimalt 2,55 meter brei. Speglar er ikkje rekna med i breidda.

– Men det er klart at det er smalare enn kva vegen hadde vore, dersom han hadde vore bygd i dag, seier Svangstu.

Strekninga, som er på riksveg 55 som går mellom Hella og Sogndal, er heller ikkje spesielt utsett for ulykker.

– Det har skjedd nokre få ulykker, men det er meir snakk om utforkøyringar. Det har ikkje skjedd møteulykker her i den seinare tid, seier Svangstu.

Ingen umiddelbare utbetringsplanar

– Det er ingen konkrete planar om å gjere noko med vegen akkurat her. Vi har nokre planar om gang- og sykkelveg på strekninga, men det har ikkje noko med dette å gjere, seier Svangstu.

Med bussulykka måndag, har Sogn og Fjordane hatt to alvorlege trafikkulykker på éi veke. Førre veke gjekk ein semitrailer opp i flammar i Gudvangatunnelen. Berre flaks gjorde til at ikkje liv gjekk tapt, men fleire titals personar vart sende til sjukehus med røykskadar.

– Det er slitsamt å oppleve slike ting så tett innpå kvarandre. Men det er ulykkenes natur at dei av og til kjem tett, og av og til kjem lengre i mellom. Det er noko vi må leve med, seier Svangstu.

– Kjenner de på eit ekstra ansvar når det skjer ulykker på vegane?

– Trafikktryggleik er noko av det viktigaste vi driv med, og når det skjer slike ulykker som dette, så er det klart at det rører oss, seier Svangstu.

Tenkjer på dei pårørande

Den eine av dei omkomne, Karoline Eidslott Svinø, hadde sommarjobb i Statens vegvesen, og var på veg heim frå jobb på Leikanger, då den fatale ulykka skjedde. Svangstu fortel at dødsfallet har prega heile organisasjonen.

– Det har vore ein tung dag på kontoret i dag. Vi tenkjer først og fremst på familien, seier Svangstu.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå