NRK Meny
Normal

Trafikken til Stegastein stod fast i fleire timar

Trafikken på vegen til den populære attraksjonen Stegastein i Aurland stod fast i fleire timar. torsdag ettermiddag. No skal problema vere løyste.

Trafikkaos på Stegastein i Aurland
Foto: Kirsti Rø

NRK-tipsarar fortel rundt klokka 16 at trafikken står bom stille og at dei har blitt ståande i den smale vegbana i snart ein time.

Politiet stadfestar at det er trafikkaos på fylkesvegen frå Aurlandsvangen og opp til det populære utkikkspunktet Stegastein.

– Det er truleg ein buss som har fått motorstopp. Politiet er på veg til staden, opplyser Vest politidistrikt.

Vegtrafikksentralen opplyser at dei har fått fleire meldingar om problema. Det er stor trafikk i området, med mykje bubilar og bussar.

Klokka 17.15 opplyser Vegtrafikksentralen at seks bussar stått faste på vegen mot Stegastein. Fem ved Kvam og ein ved Ås.

Dei fem bussane ved Kvam forsøker no å rygge seg ut av området. Det er likevel vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta før trafikken løyser seg opp.

– Dette er den vegen i området som er desidert verst når det vert trafikkproblem, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen.

Klokka 17.26 melder Vest politidistrikt på Twitter at det ikkje lenger er trafikkaos på staden.

Stegastein-toalett

POPULÆRT: Stegastein er ein del av den nasjonale turistvegsatsinga og ein populær stad for turistane som besøker Indre Sogn.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune