Hopp til innhold

– Eg er jo nøydd til å heia på Brann, det er jo klubben min

I 1972 vann Oddvar Træen cupfinalen som keeper på Brann. På torsdag håpar florøværingen-sidan-1978 at bergensarane sender Florø ut av cupen. Men kampen får han ikkje sett.

Træen i målet

SKULLE VORE DER: Oddvar Træen får dessverre ikkje sett kampen torsdag.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Eg er jo nøydd til å heia på Brann, det er jo trass alt det som er klubben min. Eg burde kanskje ikkje sei det sidan eg bur i Florø, men slik er det, humrar cupfinalemeistaren frå 1972, Oddvar Træen.

Men utruleg nok klarar han ikkje å få med seg oppgjeret på Florø stadion.

– Eg skal på fotballtur til England på fredags morgon, so eg må reisa til Bergen torsdag ettermiddag. Det er jo sjølvsagt veldig trasig, eg hadde håpa eg skulle få sjå kampen når den vart sett opp i Florø.

Elektrisk stemning

Træen vart fødd på Voss i 1942, og spelte på Brann frå 1968 til 1977. Etter at han la skoa på hylla, flytta han frå Bergen til Florø. Der jobba han som politimann fram til han pensjonerte seg i 2002.

På torsdag skal gamleklubben spela 2. runde i NM-cupen mot laget i det som har vore heimbyen sidan 1978. Florø mot Brann. Veslebror mot storebror. 3. divisjon mot eliteserien.

– Det er ein elektrisk stemning i Florø før denne kampen. Det er jo supporterar av begge lag her, Bergen er jo byen for Sunnfjord og Sogn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum og spelarar jublar

MEIR JUBEL? Det var ellevill stemning i Florø då dei slo Sogndal 3–0. Her har Simen Reksten Solheim nettopp sett inn eit av måla.

Foto: Alf Vidar Snæland

Florø er kanskje den staden i Sogn og Fjordane med flest brannsupporterar. Brann vil med andre ord få sin del av tilhengarane på stadion når laga barkar saman på torsdag.

– Eg trur at Brannsupporterane markerer seg sterkast. Dei som held med Brann i Florø, gjer det so til dei grader. so eg trur ikkje det er mange som vil slita med kva lag dei skal halda med.

Cupmeistrar i '72

Oddvar Træen

1972: Oddvar Træen før avspark i cupfinalen mot Rosenborg.

Foto: SCANPIX

I 1972 var Træen med på å seinka Rosenborg på Ullevaal. Han heldt buret reint, samstundes som Brann putta eitt i den andre enden. Dermed kunne Træen kalla seg cupmeister.

– Eg hugsar alt. Me budde på Fornebu, og då me vakna på cupfinaledagen var det eit forferdeleg snøvêr ute. Då me kom opp på Ullevaal var det mange centimeter med snø der, og folk sprang rundt med snøskuffer for å gjera bana klar.

Brann vann kampen etter at Jan Erik Osland scora etter 13 minutt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann jublar etter cupfinalen i 1972

JUBEL: Brann-laget jublar med lagkaptein Arnfinn Espeseth (i framgrunnen t.v.) og keeper Oddvar Træen (t.h.).

Foto: NTB scanpix

– Jan Erik sendte av garde ei «banan» som me kalla det, fordi ballen fekk ei so merkeleg ballbane. Han hadde slike harde skot, og so leinge det var fart i ballen gjekk den rett fram, men når farten minka so fekk den ein slik veldig dupp.

– Eit sabla styr. Og sjølvsagt kjempeartig

Han fekk totalt 76 kampar mellom 1968 og 1977.

– Oddvar Træen er ein mann som dei som følgjer med veit godt kven er. Dei fleste som er i 40-åra og oppover hugsar han godt, han var ein bra keeper, seier mediesjef i SK Brann og Brann-kjennar, Gorm Natlandsmyr.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lagbilde av SK Brann før cupfinalen Brann-Rosenborg (1-0) på Ullevaal Stadion i 1972

CUPFINALELAGET FRÅ '72: Oddvar Træen er nummer to frå venstre på bakre rekke.

Foto: NTB/Scanpix / SCANPIX

Træen var også reserve i cupfinalen mot Sogndal i 1976, men det er nok finalen han fekk spele i '72 som sit best i minne.

– Det var ei stor oppleving, ramma rundt cupkampar er jo spesielt, og å spela cupfinale er jo det største som går an i norsk fotball. Når me kom heim til Bergen so var det ei enorm mottaking, ordføraren var der og det var eit sabla styr. Det var jo kjempeartigt, sjølvsagt.

Og på torsdag kan Brann ta eit steg mot ein ny cuptriumf. Men då må dei slå Florø ...

Kan bli tøft for Brann

– Brann må for all del ikkje undervurdera Florø. Dei kan til tider spela ut kven som helst. So leinge kreftene held so trur eg det blir jamnt.

Den gamle cuphelten har late seg imponera av det unge Florømannskapet i år.

– Dei ser jo ut som eit smågutelag, dei ragar jo knapt 1,60 meter over bakken, med visse unntak sjølvsagt, men eg er blitt imponert over måten dei spelar fotball på. Dei har masse sjølvtillit og går på bana for å angripa og scora mål.

Brann på si side er nede i ein bølgjedal for tida. Berre fire poeng og åtte skora mål er fasiten etter sju spelte kampar. Det tykkjer naturleg nok Træen ikkje so mykje om.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skuffet Skarsfjord

BOTNLAG: Slik tabellen ser ut no, er Brann eit botnlag. Det bekymrar branntrenar Rune Skarsfjord.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Dei klarer ikkje ta ein ny cuptriumf slik dei spelar no. Eg skulle gjerne ha sett at dei klarte å få ballen meir ned på bakken, slik det er no so blir det altfor mange lange ballar.

So gjenstår det å sjå om Florø kan detonera nok ein cupbombe førstkomande torsdag, eller om Brann kan ta eit steg mot nok ein kongepokal.