Tove vil gjere den nasjonale butikkdøden til skamme

SOGNDAL (NRK): Over heile landet går talet på fysiske butikkar kraftig ned på bekostning av netthandelen. Men Tove Ness har drive sin sjølvstendige butikk i 25 år og har ingen planar om å bukke under for butikkdøden.

Tove Ness

JUBILERER: Tove Ness feirar denne veka jubileum med butikken Mango Design. Dei siste 25 åra har dei vore i tre lokale i Sogndalsfjøra. – Me måtte ha større plass, seier ho.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein må henga med på alle måtar om ein skal halda seg i live. Eg forstår at me kanskje er ein kuriositet, for det er stadig færre frittståande butikkar som kan feira 25-årsjubileum, seier Tove Ness, dagleg leiar på klesbutikken Mango Design.

Sidan 25. september 1993 har dei heldt stand, der stadig fleire butikkar forsvinn frå gatene.

– Kan bli eit daudt samfunn

Virke Handel melder om ein «apokalyptisk» tilstand for fysiske butikkar i Noreg. Mellom 2008 og 2016 vart det over ni prosent færre butikkar her i landet. I Sogn og Fjordane er nedgangen på over 16 prosent.

– Me reknar med ti prosent færre tilsette i næringa i løpet av ti år, seier Harald Andersen, direktør i Virke Handel, til E24 .

– Det er så klart ikkje kjekt. Det er ein konsekvens av netthandelen, at kundane likar å sitja heime når dei kjøper varene. Men då må me vera endå meir attraktive, endå meir synlege og gi endå betre sørvis for å konkurrera med netthandelen, seier Rita Navarsete, innehavar av butikken Pryd & Brukskunst og leiar i Opplev Fjøra.

Rita Navarsete

HELD STAND: Rita Navarsete hjå Pryd & Brukskunst.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me må oppfordra folk til å handla lokalt. Folk må ta innover seg at plutseleg kan dørene stenga, og då blir det eit daudt samfunn, seier Navarsete.

Opnar snart nyaste tilskotet

Og eit eller anna har dei tydelegvis gjort rett i Sogndal. For her er det lys og varer i butikkvindauga i sentrumsgatene.

– Det er ikkje så mange år sidan det var mange tomme lokale i Fjøra, men no trur eg ikkje det er eit einaste lokale ledig, seier Navarsete.

Bernt Aleksander Elle har teke det siste. I oktober opnar han splitter ny butikk, Ellevilt, der han skal selja varmrettar, lokalt kjøt og fisk, samt driva catering.

– Eg trur me vil koma nærare kundane med å vera fysisk tilgjengeleg, seier han. Til no har han selt litt over nettet, og hatt eit samarbeid med Spar-butikken i Gaupne.

– Me har drive nokre år i mindre skala. Så no tenkte eg at det var på tide å satsa for fullt. Me blir meir tilgjengelege, og ein spesialforretning krev litt folk.

Ellevilt i Sogndal før det opnar

SISTE TILSKOT: Butikken Ellevilt opnar i oktober.

Foto: Sondre Dalaker / NRK