Hopp til innhold

Sykkelfesten Tour des Fjords kjem til Sogn og Fjordane

Sykkelrittet Tour des Fjords vil i 2017 legge ei av etappane til Sogn og Fjordane.

Tour des Fjords 2015

INNSPURT: Her frå 5. etappe av sykkelløpet Tour des Fjords 2015, ved innspurten i Stavanger sentrum der Edvald Boasson Hagen (t.v.) vann.

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Etappen vil starte i Balestrand og ta syklistane over Gaularfjellet og Rørvikfjellet via Moskog, rundt Jølstravatnet og til mål i Førde.

– Etappen frå Balestrand til Førde er noko av det mest spennande Vestlandet har å by på når det kjem til variert natur. Dette vil skape gode opplevingar for både ryttarar, TV-sjåarar og publikum langs løypa, seier dagleg leiar i Tour des Fjords, Roy Hegreberg, i ei pressemelding.

Rittet har mål om å vekse seg større både i etappar og i geografisk utstrekning. Dei siste åra har rittet lagt etappane sine til Hordaland og Rogaland.

– Så sant vi får det økonomiske og logistikken til å gå opp, ønskjer vi å komme tilbake til Sogn og Fjordane også etter 2017, seier Hegreberg.

Tour de Fjords Sogn og Fjordane

Eit rullande sirkus

Rittet vil bestå av 24 lag med seks ryttarar på kvart lag. Det er venta ekstra stor merksemd rundt Tour des Fjords i 2017 sidan sykkel-VM bli arrangert i Bergen i etterkant.

– I tillegg til dei norske favorittane Alexander Kristoff og Edvald Boasson-Hagen, vil mange av dei store internasjonale sykkelstjernene vil køyre ritt i Norge i forkant av VM for å bli kjent med forholda her, seier Hegreberg.

Tour des Fjords

VIL KOMME TIL FYLKET: Dagleg leiar av Tour des Fjords, Roy Hegreberg, vil ta rittet til Sogn og Fjordane.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Trur på folkefest

Det er Sunnfjord Næringsutvikling AS som på vegner av dei fire kommunane Balestrand, Gaular, Jølster og Førde har invitert rittet hit.

– Dette er eit stort og viktig prosjekt fordi det blir ein folkefest. Men det gir oss også ein god mogelegheit til å vise fram fylket, reiselivet og næringslivet, seier Rolf Sanne-Gundersen som er dagleg leiar i Sunnfjord Næringsutvikling.

Han seier det er viktig at næringslivet støttar opp om arrangementet.

– Vi må hente inn tre millionar kroner for å få etappen hit. Næringslivet må bidra med litt over halvparten av dette.

Gaularfjellet og Jølstravatnet

TV2 vil sende fire timar frå etappen i fylket. Under fjorårets sykkelløp følgde om lag ein million norske tv-sjåarar sendingane.

Med lange direktesende sendingar på TV er entusiasmen blant ordførarane langs ruta stor.

– Dette gir oss ein eineståande mogelegheit til å presentere nasjonal turistveg og det nye utsiktspunktet på Gaularfjellet for heile Norges befolkning, seier ordførar Mathias Råheim i Gaular.

Sykkel

HÅPAR PÅ FOLKEFEST: Denne gjengen er klar for folkefest når sykkelrittet Tour des Fjord legg ei av etappane til Sogn og Fjordane.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Målgang i Førde

Den endelege traseen rundt i Førde er ikkje bestemt. Ryttarane vil sykle til saman 25 km i Førde sentrum før dei går i mål.

Førde-ordførar Olve Grotle ser fram til å gratulere vinnaren når han kjem til mål.

– Det er kjekt at vi i fellesskap har klart å få nok eit stort idrettsarrangement til fylket. Dette viser kva vi er i stand til å få til når vi jobbar i lag mot felles mål.

Tour des fjords

SAMARBEIDER OM TOUR DES FJORDS: Kommunane Balestrand, Gaular, Jølster og Førde samarbeider om Tour des Fjords.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK