Hopp til innhold

Aldri før har festivalane vore så godt besøkte

Aldri før har dei store festivalane i fylket vore så godt besøkte som i år. Totalt drog dei fire største festivalane 75.000 besøkjande i sommar. Det er 5000 fleire enn i fjor.

Utkant 2014

CC COWBOYS: Det kunne knapt vore plass til fleire på Utkant, då både godt vêr og godt program trekte rekordmange folk til festivalen, seier festivalsjefen.

Foto: Gøril Sætre/Utkant

–Vi har jo hatt ein veldig fin sommar. Både godt program og godt vêr har trekt mykje folk ut av husa, seier sjef for Utkant festivalen, Viggo Randal.

Han av fleire festivalsjefar som kan juble etter årets festivalsommar i Sogn og Fjordane. Sjølv drog dei 14.000 besøkande.

Totalt sett vart det nok ein rekordsommar for dei fire største festivalane: Utkant, Malakoff, Førdefestivalen og countrytreffet på Breim.

– Ikkje berre vêret

Ifølgje Meteorologisk institutt har Vestlandet hatt det finaste sommarvêret på fleire år, men Randal trur besøksrekordane har langt fleire årsaker enn vêret.

– Det er ei blanding av fleire ting, men alle som driv med festivalar i dag har vorte litt meir profesjonelle enn det vi kanskje var for nokre år sidan. Vi er flinkare å selje billettar, og programma har vorte betre, seier Randal.

Malakoff Rockfestival på Eid vart i sommar besøkt av over 22.000, ei vekst på rundt 2000 frå i fjor. Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, er heilt einig med Utkant-sjefen. Han meiner kvaliteten på festivalen er viktigare enn vêret.

– Vi har hatt ein god del festivalar der vi har levert godt sjølv om vêret ikkje har vore det aller beste. Då er kvaliteten viktig. Folk ser at det går an å ha det fint på Malakoff og andre festivalar utan at det er meldt strålande vêr, seier Naustdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trangt om plassen

TRONGT OM PLASSEN: Publikum framfor scena under timbuktukonserten på Malakoff 2014.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Meiner festivalane bygger kvarandre opp

Av dei fire største var det berre Norsk Countrytreff som gjekk ned i besøkstal, men dei er likevel glade på andre sine vegner. For Malakoff sin del er det også positivt at andre festivalar gjer det bra, seier Naustdal.

– Eg har veldig tru på kulturen for å gå på kulturarrangement. Den er viktig. Festivalkrig finst ikkje, trur eg. Vi har ulike festivalar, slik at det er moglegheit til å oppleve litt ulike ting på dei ulike festivalane.

Fylkets største og eldste festival, Førdefestivalen, drog i år heile 28.000 publikummarar. Festivaldirektør Hilde Bjørkum er samd i at mangfaldet av festivalar er viktig. Ho meiner den samla suksessen syner at det ikkje er for mange festivalar i fylket, slik nokre tidlegare har meint.

– Det var enkelte som var veldig skeptiske og tenkte at det ikkje var rom for så mange festivalar. Men me har jo behalde og til og med auka publikumstalet, sjølv om tilbodet av festivalar har auka enormt, seier Bjørkum.

– Jo da, vêret betyr litt

Men sjølv om dei meiner kompetanse og kvalitet er viktigast, vedgår alle festivalane at vêret spelar ei viktig rolle. Likevel trur Malakoff- og Utkant-sjefane dei har gjort seg litt mindre avhengige av sol og varme.

– Sjølv om alle festivalar ønsker fint vêr, og det er prikken over i-ei og det som gjer at ein får den ekstra gode stemninga, så er ikkje fint vêr eit must for Malakoff lenger, seier Naustdal.

– Ein vert jo litt mindre avhengig av det for kvart år, fordi førehandssalet aukar, men dei siste 1000 kjem jo med fin vêr, seier Utkantsjef Randal.

SJÅ ATT BILETA FRÅ FESTIVALANE I 2014:

Utkant:

Malakoff:

Festivalfrukost Førdefestivalen: